Leder: Hjelpe folk i gang

Egil Mongstad
Redaktør Egil Mongstad

I Strømmestiftelsen trur me på rettferd og at alle menneske er skapt like. Vårt oppdrag er å byggje ned skilnad, og hjelpe folk i gang til å nedkjempe fattigdom.  

Pandemien har gjort store endringar i samfunn verda over. Arbeidsplassar er borte, skular har vore nedstengde, talet på barneekteskap har gått dramatisk opp og fattigdommen har auka. Det som skjer er dramatisk, for den einskilde som på ulikt vis er råka av pandemien, og for familiar, landsbyar og samfunn som må bære ein stor kostnad med fylgjene av pandemien.  

Utdanning er nøkkelen til å nedkjempe fattigdom. Alle er samde om det. Gode skular, dyktige og motiverte lærarar, med gode læreplanar er heilt avgjerande for bornas motivasjon og for utvikling. Difor er utdanning så viktig for Strømmestiftelsen.  Klimaendringar krev eit grønt og berekraftig skifte. Det må skje i vår del av verda, og i den fattige delen av verda. Utdanning er også nøkkelen i møte med denne nye tida. 

Det er heilt naturleg og rett at den fattige verda får tilgang til same teknologi og kunnskap som alt er her. Me må unngå at dei same feila vert gjort om att, når ny industri og nye arbeidsplassar skal skapast. 
I Strømmestiftelsen trur me på rettferd og at alle menneske er skapt like. Vårt oppdrag er å byggje ned skilnad, og hjelpe folk i gang til å nedkjempe fattigdom.  

Om få veker skal me feire han som kom til for nettopp å byggje ned skilnad og sa at alle menneske er likeverdige. Her er vår drivkraft og motivasjon. Takk for at du er med på dette.  

Me ynskjer dykk alle ei riktig god jul! 


Egil Mongstad
Redaktør